Retningslinjer - bruk av sosiale medier


Formålet med bruk av sosiale medier i Ølen IL

Medlemmer og andre skal få eit innblikk i kva som føregår i idrettslaget. Ein ønsker at folk skal sjå kor mykje positivt ein kan oppleve med å være med på idrettslaget sine aktiivteter.

Ein skal sjå at her er det mange som opplever glede, mestring, samhold og respekt, og at alle som ønsker kan bli med.

Retningslinjer

I botn ligger retningslinjene til Norges Idrettsforbund. Les retningslinjene her: Retningslinjer - Publisering av bilder og film

Utover det har Ølen IL desse retningslinjene:

- Lag kan opprette eigne lukka Facebook sider om ønskeleg, men me anbefaler Spond for kommunikasjon angåande trening, kamp og cup

Opne grupper/sider/profilar kanalar godkjennes av Hovedstyret. De blir administrert av Hovdedstyret/SOME ansvarleg eller den Hovedstyret delegerer dette til. Men: Ein ønsker i utgangspunktet ikkje eigne sider/kanalar for kvar gruppe.

Innlegg på Ølen IL sine offisielle kanalar på Facebook og Instagram

- SoMe-ansvarlig legg ut innlegg, eventuelt delegerer / gir tilgang til andre til å opprette innlegg/stories.

- Alle som opprettar innlegg / stories må vera godt kjent med desse retningslinjene

- Frå cupar er bra å få fram det sosiale, samhaldet og opplevingar, og litt mindre på sjølve kampane og resultata.

- Gode sportslege prestasjonar kan bli framheva – for lagidrettar mest fokus på lag. Ha meir fokus på utvikling enn resultat. Legg gjerne ut innlegg når eit lag har snudd ein negativ trend til noko positivt.

- Innlegg om sportslege prestasjonar er mest om eldre ungdommar og vaksne (senior-lag/utøvarar) enn om dei yngre ungdommane

- Frå barneidrett: Nevner ikkje resultat. Fokuser på glede, samhold, meistring

- Annonsering av kamp: Legg gjerne ungdomskampar ut på Stories. Kampar med brei interesse kan også legges ut på som innlegg på FB og Instagram

- Trekk med jamne mellomrom alle dei som bidrar til å holde idrettslaget i gang; trenarar, lagleiarar, dommarar, dugnadsfolk i kiosk, panting og drift / vedlikehald og andre med verv

- Få fram breidda og mangfaldet i idrettslaget: sørg for at alle idrettane får komme i fokus med jamne mellomrom, samt nokolunde jamn fordeling mellom kjønn

- Ein skal forhalde seg til at Ølen IL er politisk og religiøst uavhengig

- Følging av andre: På Facebook og Instagram kan Ølen IL følgje andre idrettslag og evt. andre personar som har bakgrunn i idrettslaget og som gjer ei idrettskarriere.

Empty
Click + to add content