Full av aktivitet - frå morgen til kveld
Ølen Idrettslag har over 300 medlemmer i fotballgruppa, og rekordmange påmeldte lag. Målsettinga er flest mogleg, lengst mogleg - utfordringa med det er at ein slit med å finne plass til alle...banekapasiteten er sprengt. Ein ny fotballhall vil vera eit kjempepositivit tiltak for fotballen i kommunen. På ettermiddag og -kveldstid, samt helger, vil det vera fullt med ungar og ungdommar som trener i regi av idrettslag.
Romsdalshallen (https://www.besthall.com/no/referenser/romsdalshallen) er ein fotballhall på samme størrelse som Ølen IL planlegger (70x50) meter.
Hallen vil vera utleigd fleire dagar til veka til skular, slik at hallen er full av aktivitet også på dagtid. Det vil gi elevar på skulane eit kjærkomment og godt nytt tilbod.
Idrettslaget vil kunne ta i mot mange fleire elevar på den populære fotballskulen. Ølen KIWI Bama Cup kan auke kapasiteten. Andre cupar i forskjellige format, både fotball og håndball vil ein også kunne gjennomføre.
"Arenaen har ikkje bare vist seg å være ei framifrå investering i folkehelsen, men også eit levande bevis på kraften i å samle eit samfunn rundt sport og felles aktiviteter.”
Dagleg leiar Thomas Åbø i Tonstad IL, om Sira-Kvina hallen
Flest mogleg - lengst mogleg
Ølen IL har som hovedfokus å få flest mogleg med på idrett og aktivitet, og at dei skal oppleve gleden, mestringa, samhaldet og respekten som idretten kan gi, lengst mogleg. Dei ivrigaste driv med idretten nesten uansett tilhøve, ute som inne. Men for å nå målsettinga vår om å få enda fleire med, og at dei skal drive på enda lenger - er gode fasilitetar ein stor fordel. For mange er det kanskje ikkje idretten i seg sjøl, men det sosiale og gode opplevingar som er den aller viktigaste grunnen til at ein går på trening kvar veke.
Åpen hall - sentralt og lett tilgjengeleg
Hallen vil vera tilgjengeleg både for organisert og for uorganisert aktivitet. Me er opptatt av å gi folk mulighet til å møtes for å spille fotball eller andre ballspill uten at de er avhengige av faste treningstider. Dette bidrar også stimulera til meir spontan lek og fysisk aktivitet blant barn og ungdom. Me veit at barn, unge og mange andre i stadig større grad nyttar mykje tid foran skjermen. Å ha tilgang til ein slik hall som gjer at ein kan treffe andre og vera aktiv er me trygge på bidrar til Positivt for nærmiljøet
Positivt for nærmiljøet
Ein fotballhall vil føre til meir aktivitet, både organisert og uorganisert. Ein vil kunne ha fleire arrangement, både idrettsarrangement og andre. Dette skapar ringvirkningar og bidrar til levande bygder med engasjerte innbyggarar.
Ein fotballhall bidra til å løfte trivselen, helsen og fellesskapet i bygda, og den fleksible bruken med åpen tilgang for uorganisert aktivitet vil gjøre hallen til et samlingspunkt for alle.Gåfotball har blitt meir og meir populært dei siste åra, og bidrar til auka livskvalitet.
Folkehelse
I Vindafjord Kommune har ein gode målsetningar når det gjeld folkehelse. Fotballhallen kan bidra til at desse måla nås.
-
- Lære heile livet: Ølen IL planlegg å tilby kurs, treningsleirer for barn, ungdom og voksne muligheten til å lære og utvikle nye ferdigheter.
-
- God nok heile livet: Ved å tilby aktiviteter som passer for ulike ferdighetsnivåer og aldre, kan fotballhallen være ein stad der folk føler seg inkludert og sett. Alle kan delta uansett bakgrunn eller fysisk form, noe som kan bidra til økt sjølvtillit og mestringsfølelse. Ulike idrettar passar fint i ein hall, også idrettar som folk som kjem frå andre land er betre kjent med (lacrosse, rugby, hockey...).
-
- Alle med heile livet: Ølen IL tilbyr i dag håndball for personar med funksjonsnedsettelse frå heile kommunen og Etne. Gå-fotball har blitt meir populært i Noreg. Mange mogleghet - og med ein fotballhall ligg forholda til rette for å få enda fleire med enda lenger på god aktivitet.
-
- Aktiv heile livet: Fotballhallen gir innbyggerne en tilgjengelig arena for fysisk aktivitet året rundt, noe som bidrar til å opprettholde en aktiv livsstil.
-
- Leve heile livet: Ved å fremme ein sunn og aktiv livsstil gjennom fotball og andre aktiviteter, kan fotballhallen bidra til at innbyggarane i Vindafjord får betre helse; sosialt samvær, lagspel og deltaking i idrett kan betre det mentale velværet og den generelle livskvaliteten.
Gåfotball har vorte ein populær aktivitet for folk, spesielt i eldre aldersgrupper. Fleire stader har også eige gåfotball-tilbod for demente.
Finansering
Ein fotballhall kostar i størrelseorden 40 millionar. Gode leigeavtalar med Vindafjord Kommune og Rogaland Fylkeskommune sikrar gode inntekter. Spelemidler utgjer drøye åtte millionar. Med eigenkapital og allereie mottatt støtte er me i gang til å hente inn resten, men med treng ein god del til. Med god støtte frå stiftelsar, fond, næringsliv og andre - så skal me få dette til!
Og visste du: "
Investeringer i idrettsanlegg gir tredobbelt samfunnsøkonomisk gevinst" - Dette kjem fram i ein rapport laga av Vista Analyse har på oppdrag fra Norges idrettsforbund. Les meir her:
Investeringer-i-idrettsanlegg-gir-tredobbelt-samfunnsokonomisk-gevinst
Vil du bidra som samarbeidspartner?
Ta kontakt med idrettslaget på post@olenil.no eller direkte med Johnny Vik, leiar i Ølen IL