Ølen Idrettspark - Eit samlingspunkt for idrettsglede og mangfald


Reguleringsarbeidet til Vindafjord Kommunen er snart i boks. Ølen IL har store planar for korleis ein kan utnytte området slik at ein kan få eit fantastisk tibod; innanfor ein radius på 200 meter vil ein kunne spele fotball i ein ny  fotballhall eller utandørs, spele håndball, basket, få adrenalin-kick i sykkelløyper og zipline eller spele padeltennis. Samt kjøre elektrisk radiostyrte bilbane, kose seg inne på eit åpent klubbhus, drive med e-sport. Fleire av moglegheitane er der allereie ; Ølen IL planlegger fleire nye spanande anlegg som vil skape eit fantastisk område. 

Fotballhall

Ølen Idrettslag har over 350 medlemmer i fotballgruppa, og rekordmange påmeldte lag. Målsettinga er flest mogleg, lengst mogleg - utfordringa med det er at ein slit med å finne plass til alle...banekapasiteten er sprengt. Ein ny fotballhall vil vera eit kjempepositivit tiltak for fotballen i Vindafjord kommune. På ettermiddag og -kveldstid, samt helger, vil det vera fult med ungar og ungdommar som trener i regi av idrettslag. Og på dagtid i vekene er det mogleg for skular å leige hallen.

Idrettslaget vil kunne ta i mot mange fleire elevar på den populære fotballskulen. Ølen KIWI Bama Cup kan auke kapasiteten. Andre cupar i forskjellige format, både fotball og håndball vil ein også kunne gjennomføre.

Næringsliv og andre vil kunne bruke den til messer og andre store arrangement. Næraste hall med slike dimensjonar finn ein i Haugesund i dag. 
På miljøvennleg vis vil me også kunne gi hallen svært billeg varme - noko langt frå alle hallar kan tilby i dag.


Romsdalshallen (https://www.besthall.com/no/referenser/romsdalshallen) er ein fotballhall på samme størrelse som Ølen IL planlegger (70x50) meter.


Sykkelløyper

Sykkelgruppa er godt i gong med sine prosjekter. Først ut er flytsti like i nærheten av dagens SR-Bank Stadion. Med naturlege hindringar inkludert spanande hopp, kan unge og vaksne utfolde seg. Går alt som me håpar, blir det åpningsfest av flytstien allereie til våren.


I tillegg har Ølen IL si sykkelgruppe fleire andre gode planar, i bakken på sida og ovanfor tribunen til SR-Bank Stadion blir det hoppløyper - både for nybegynnarar og for dei meir erfarne. Ein teknikkpark der ein kan få øve seg med diverse tekniske utfordringar er også planlagt.

Padeltennis-hall

Ølen har allereide ein flott utandørs padeltennis-bane i Ølen Aktivitetspark. Med to banar innandørs vil det bli enda betre moglegheiter for dei som er glad i denne populære sporten. Med bane i Ølen kan ein gjerne kombinere padeltennis med at ungane er på fotball- håndball eller anna trening i Ølen Idrettspark. Ølen Open er ei padeltennis-turnering arrangert av Ølen IL - med mange deltakarar lokalt. Denne og fleire arrangement både for unge og vaksne er me sikre på vil være av stor interesse om ein også har ein innandørs bane.

Padeltennis ser me er svært populært spesielt blant ungdommar og vaksne - i Haugesund har dei tilsaman 18 banar som   er godt oppfylt med aktivitet.



 

Basket, bilbane og ziplines

Breidde er viktig - Ølen IL ønsker eit tilbod til flest mogleg. Street-basket bane, ein bane med fokus på den uorganiserte, leikne formen for basket. Bilbane for elektriske bilar - her kjem unge og vaksne til å kose seg glugg i hjel! Og med ziplines blant trer og flott natur like ved turløypa - ingen vil i framtida kunne sei at det ikkje er gode og varierte tilbod for unge og vaksne i Ølen.


Finansering

Ølen Idrettspark vil vera eit fantastisk bidrag til å gjer Vindafjord Kommune ein god stad å bu, eit så stort mangfald av aktiviteter på eit slikt område vil skape så mykje aktivitet, både blant unge og vaksne. Og korleis skal me klare å finanserie dette...? Ein fotballhall kostar 40 millionar, padeltennis 9 millionar, sykkelløyper nærare tre millionar. Basket, zipline og bilbane skal me få til for under millionen.

Ved hjelp av spelemidler, eigenkapital, stiftelsar, næringsliv, dugandsinnsats, gode og langsiktige leigeavtalar med kommune og/eller fylket --- ja då kan dette faktisk bli mogleg!

Og visste du: "Investeringer i idrettsanlegg gir tredobbelt samfunnsøkonomisk gevinst" - Dette kjem fram i ein rapport laga av Vista Analyse har på oppdrag fra Norges idrettsforbund. Les meir her: Investeringer-i-idrettsanlegg-gir-tredobbelt-samfunnsokonomisk-gevinst


    Vil du bidra som samarbeidspartner?

    Ta kontakt med idrettslaget på post@olenil.no eller direkte med Johnny Vik, leiar i Ølen IL








    Empty
    Click + to add content